Kristin Halvorsen Terje Aasland foto Energidepartementet pa Flickr
LEVERTE RAPPORT: Leiar for kjernekraftutvalet Kristin Halvorsen overleverte rapporten frå utvalet til energiminister Terje Lien Aasland onsdag. Foto: Energidepartementet
Kort fortalt

Fleire parti ut mot kjernekraftutval: Trenering og bestillingsverk

– Verkar meir oppteke av å grunngi kvifor det ikkje går, enn å finna ut korleis det kan fungera, meiner Frp.

08.04.2026

(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Rapporten frå utvalet får det glatte lag av kjernekrafttilhengarar.

Skuffande defensivt, meiner Frp.

Ikkje rart ting tek tid når me aldri kjem i gang, meiner Høgre.

Ein treneringsrapport og bestillingsverk frå energiministeren, meiner KrF.

Regjeringa sette ned utvalet i 2024 for å sjå på fordelar og ulemper. Eit samrøystes utval meiner det vil bli for dyrt og ta for lang tid, og dessutan at Noreg manglar kompetansen som krevst.

– Analysane våre viser eit tydeleg hovudbilete. Med dagens kostnader og dei kraftprisane me realistisk kan venta framover, verkar det ulønnsamt å investera i kjernekraft i Noreg no, seier utvalsmedlem Linda Nøstbakken.

Frp: «Oppsiktsvekkjande»
Framstegspartiet kallar det «oppsiktsvekkjande» at eit offentleg utval rår frå kjernekraft, samtidig som behovet for kraft aukar.

Frp la i vår fram eit forslag i Stortinget om å leggja til rette for kjernekraft. Sjølv om utvalet vender tommelen ned, gir partiet ikkje opp.

– Me forventar at dette blir ei viktig sak fram mot sommaren. Me har ikkje råd eller tid til å utsetja nødvendige avgjerder om framtidas kraftsystem, seier Rikard Spets.

Skuldar regjeringa for å trenera
Høgre er lei av at tid blir brukt som eit argument i kjernekraftdebatten.

– Energiminister Aasland seier at ein ikkje skal «forhaste seg», men det er skilnad på å gjera ting grundig og – som Støre-regjeringa liker å gjera – trenarar, seier energipolitisk talsperson Aleksander Stokkebø.

Dette får gjenklang òg i KrF, som kallar rapporten eit bestillingsverk frå energiminister Terje Aasland (Ap). KrF hadde venta eit mål om å få små modulære reaktorar i drift innan 2040.

– Både EU og FN har for lengst slått fast at kjernekraft er blant dei tryggaste energikjeldene me har. At Noreg skal behandla denne teknologien som noko mistenkjeleg, medan resten av Norden byggjer ut, er vanskeleg å forstå, seier energipolitisk talsperson Hans Edvard Askjer.

– Rekninga vil gå til skattebetalarane
Motrøystene mot kjernekraft er derimot glade for at utvalet er så samstemt i funna sine. Fleire peikar på at energiproblem må løysast med fornybare kjelder, og satsing på kjernekraft kan setja andre kraftprosjekt på vent.

Rapporten bør setja strek over påstandane som har prega offentlegheita i fleire år, meiner Bellona.

– Det har aldri i verdshistoria vorte bygd kjernekraft utan subsidiar. Noreg blir neppe noko unntak, og rekninga vil hamna hos skattebetalarane, seier dagleg leiar Sveinung Rotevatn.

Dette er eit poeng òg SV er oppteken av. Det vil òg ta lang tid å byggja ut, og teknologien er ikkje kommersielt moden. Kjernekraft kan ikkje levera kraft i energikrisa me er på veg inn i, meiner partiet.

Venstre, MDG og Raudt meiner rapporten viser at kjernekraft kan bli ein del av energimiksen i Noreg på sikt, og at funnet frå utvalet er viktig i ein meir nyansert debatt framover.

(©NTB)

Publisert: 08.04.2026 14:18

Sist oppdatert: 08.04.2026 14:18

Mer om