NPK: Talet på gjestedøgn i Fjord Norge auka i fjor med 8,4 prosent, viser tal frå reiselivsselskapet, som karakteriserer fjoråret som eit svært solid år for regionen.
Det er særleg talet på utanlandske gjestedøgn som auka. Her var veksten på heile 9,5 prosent, fortel Fjord Noreg i eit nyheitsbrev. Den norske marknaden auka til samanlikning med 7,7 prosent.
Fjord Norge fortel elles at veksten er jamt fordelt i alle vestlandsfylka. Rogaland toppar statistikken for hotellovernattingar, medan veksten på camping og hytter er størst i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, heiter det.
Reiselivsselskapet er elles spesielt glad for at regionen i fjor hadde ein vekst utanom i sommarsesongen, i månadane frå oktober til april, noko som lenge har vore eit mål både for reiselivsnæringa på Vestlandet og elles i landet.

Publisert: 14.02.2020 13:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30