Kort fortalt

Fleire unge er positive til olje

Forskar er svært overraska.

07.01.2020
NPK-NTB: Delen som er positive til olje som energikjelde har auka frå 13 til 27 prosent blant dei under 30 sidan 2016.
Totalt stiller 26 prosent av befolkninga seg positive til bruken av olje som energikjelde, opp frå 19 prosent i 2016, kom det fram av Klimabarometeret 2019, som vart gjennomført av Kantar.
Størst prosentvis auke har det vore blant dei under 30, og 27 prosent av dei spurde i denne aldersgruppa seier dei er oljepositive. Gruppa hamnar dermed over gjennomsnittet.
– Eg trur dette kan komme av at det har vorte meir fokus på Oljefondet og kva olja betyr for norsk økonomi, og dessutan eit ønske om å sikre framtidige generasjonar, seier avdelingsleiar Eva Fosby Livgard i Kantar til Klassekampen.
Forskar Bård Lahn frå Cicero senter for klimaforsking synest den aukande oljeoppslutninga er svært overraskande, spesielt sett i lyset av den offentlege debatten dei siste åra, der utfasing av olja har vore eit sentralt tema.
Leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom trur utviklinga kjem av vellykka reklame frå oljebransjen.
– Eg trur oljenæringa kan seie å ha lykkast med kampanjane sine der dei frontar norsk olje og gass som ei løysing på klimaproblemet. Forskarane, på si side, meiner jo ikkje det. Vi har allereie funne meir olje og gass enn det vi kan bruke dersom vi skal klare å nå 1,5-graders-målet. Likevel kunne eg ikkje gå forbi eit einaste busstopp heime i Stavanger utan reklame for olje og gass, seier Eiterjord.

Publisert: 07.01.2020 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31