(NPK): Widerøe planlegg å kutte 4000 flygingar i Distrikts-Noreg. Selskapet meiner dei kunne halde fram som i dag med ei avgiftslette på 45 millionar. Miljøstiftinga Zero støttar ønsket.
Det er spesielt flyseteavgifta Widerøe ønskjer å kutte i, skriv avisa
– Vi meiner at regjeringa bør sjå på moglegheita for å differensiere flypassasjeravgifta innanlands, slik at ein kan skjerme kortbanenettet, seier Ingvild Kilen Rørholt, rådgivar i Zero til avisa.
Dei grunngir støtta med at Noreg er eit landstrakt land og at det difor alltid vil vere behov for innanlandsflygingar av den typen Widerøe tilbyr.
Widerøe betaler omtrent 1,1 milliardar kroner i avgifter kvart år. Flyseteavgifta utgjer 176 millionar, mens CO2-avgifta utgjer rundt 90 millionar.
– Eg forstår fullt ut grepet frå Widerøe, fordi ein ikkje kan auke kostnadane og heve passasjeravgift og skattar, og samtidig halde ved like eit flytilbod i Noreg, seier toppsjef og eigar Jesper Rungholm i Danish Air Transport til
Han peikar på at dei ikkje vil konkurrere direkte med Widerøe på nokon ruter i Noreg, fordi det ikkje er marknad for to operatørar på kvar enkelt rute. Samstundes peikar han på at dei vil vurdere å gå inn på ruter der Widerøe stansar trafikken sin.
– Vi held sjølvsagt auge med kva som skjer med marknaden. Om Widerøe trekker seg frå nokon marknader og vi meiner det er grunnlag, så vil vi vurdere om det er noko for oss, seier han.
– Kutta som i dag har vorte kjende, vil ramma mange innbyggjarar rundt om i landet som eg er opptatt av skal ha eit godt tilbod òg i framtida. Me vil følgja dette tett framover og vurdera korleis negative konsekvensar best kan handterast, sa Hareide i ein kommentar til NTB tidlegare denne veka.
Han minna samstundes om at regjeringa den siste tida har gjort avgiftsendringar som, ifølgje Hareide, skal styrkja grunnlaget for kommersielle distriktsruter, og at dette har slått positivt ut for Widerøe.
Det er spesielt flyseteavgifta Widerøe ønskjer å kutte i, skriv avisa
– Vi meiner at regjeringa bør sjå på moglegheita for å differensiere flypassasjeravgifta innanlands, slik at ein kan skjerme kortbanenettet, seier Ingvild Kilen Rørholt, rådgivar i Zero til avisa.
Dei grunngir støtta med at Noreg er eit landstrakt land og at det difor alltid vil vere behov for innanlandsflygingar av den typen Widerøe tilbyr.
Widerøe betaler omtrent 1,1 milliardar kroner i avgifter kvart år. Flyseteavgifta utgjer 176 millionar, mens CO2-avgifta utgjer rundt 90 millionar.
Tøff marknad
Også Widerøe-konkurrenten Danish Air Transport meiner avgiftsnivået er høgt.– Eg forstår fullt ut grepet frå Widerøe, fordi ein ikkje kan auke kostnadane og heve passasjeravgift og skattar, og samtidig halde ved like eit flytilbod i Noreg, seier toppsjef og eigar Jesper Rungholm i Danish Air Transport til
Han peikar på at dei ikkje vil konkurrere direkte med Widerøe på nokon ruter i Noreg, fordi det ikkje er marknad for to operatørar på kvar enkelt rute. Samstundes peikar han på at dei vil vurdere å gå inn på ruter der Widerøe stansar trafikken sin.
– Vi held sjølvsagt auge med kva som skjer med marknaden. Om Widerøe trekker seg frå nokon marknader og vi meiner det er grunnlag, så vil vi vurdere om det er noko for oss, seier han.
Uroa over situasjonen
Også samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) har signalisert at han er uroa over situasjonen i Widerøe.– Kutta som i dag har vorte kjende, vil ramma mange innbyggjarar rundt om i landet som eg er opptatt av skal ha eit godt tilbod òg i framtida. Me vil følgja dette tett framover og vurdera korleis negative konsekvensar best kan handterast, sa Hareide i ein kommentar til NTB tidlegare denne veka.
Han minna samstundes om at regjeringa den siste tida har gjort avgiftsendringar som, ifølgje Hareide, skal styrkja grunnlaget for kommersielle distriktsruter, og at dette har slått positivt ut for Widerøe.
(©NPK)
Publisert: 19.02.2020 10:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30





