(NPK): 55 prosent av folk i Noreg er positive til at det blir innført turistskatt, så lenge ein slik skatt går til å ta vare på eller utvikla reisemålet, viser ei undersøking.
Tala kjem fram i ei undersøking utført av Opinion for Virke basert på 1.537 intervju i heile Noreg. Undersøkinga viser samtidig at 20 prosent av dei spurde er negative til ein slik skatt og 19 prosent er verken einig eller ueinig. Samtidig meiner heile 78 prosent av dei spurde det er viktig å støtta opp om lokalmiljøet dei reiser til.
Innan reiselivet har det fleire stader vore eit ønske om å få innført ei form for turistskatt. Regjeringa har så langt vore avvisande til dette. Det same har fleirtalet på Stortinget. Men etter at stortingsfleirtalet for tre år sidan sa nei til turistskatt, har fleire parti endra meining. No har SV fremja eit representantforslag om å greia ut og innføra ein slik skatt. Tysdag blir det høyring i Stortinget i samband med forslaget.
– Virke er open for ei form for turistskatt, eit besøksbidrag som eitt av fleire verkemiddel for å utvikla norske reisemål på ein berekraftig måte, seier ho.
Ho meiner likevel at måten skatten blir innretta på er viktig.
– Haldninga vår er at det bør vera opp til kvar enkelt kommune om dei ønskjer å innføra dette. Pengane må nyttast til tiltak som bidreg ti å utvikla og ta vare på destinasjonen. Tilrettelegging av infrastruktur eller tiltak som syter for å ta vare på natur er døme på kva midlane kan nyttast til.
– Dei vil avslutta arbeidet sitt om kort tid, og det er venta at konklusjonane blir offentleggjort cirka 1. april 2020. Virke vil oppmoda næringskomiteen til å utsetja behandlinga av saka i komiteen til desse konklusjonane ligg føre, heiter det i høyringsinnspelet frå Virke.
Organisasjonen meiner dette vil gje eit betre grunnlag for å fatta ei avgjerd i saka. Virke meiner også at arbeidet som mellom anna går føre seg i regi av Visit Sognefjord vil kunna danna grunnlag for ei offentleg uavhengig utgreiing.
(©NPK)
Tala kjem fram i ei undersøking utført av Opinion for Virke basert på 1.537 intervju i heile Noreg. Undersøkinga viser samtidig at 20 prosent av dei spurde er negative til ein slik skatt og 19 prosent er verken einig eller ueinig. Samtidig meiner heile 78 prosent av dei spurde det er viktig å støtta opp om lokalmiljøet dei reiser til.
Innan reiselivet har det fleire stader vore eit ønske om å få innført ei form for turistskatt. Regjeringa har så langt vore avvisande til dette. Det same har fleirtalet på Stortinget. Men etter at stortingsfleirtalet for tre år sidan sa nei til turistskatt, har fleire parti endra meining. No har SV fremja eit representantforslag om å greia ut og innføra ein slik skatt. Tysdag blir det høyring i Stortinget i samband med forslaget.
Virke: – Modellen er avgjerande
Ei rekkje representantar frå norsk reiseliv vil leggja fram høyringsinnspel om saka. Ein av dei er leiar i Virke Reiseliv, Astrid Bergmål.– Virke er open for ei form for turistskatt, eit besøksbidrag som eitt av fleire verkemiddel for å utvikla norske reisemål på ein berekraftig måte, seier ho.
Ho meiner likevel at måten skatten blir innretta på er viktig.
– Haldninga vår er at det bør vera opp til kvar enkelt kommune om dei ønskjer å innføra dette. Pengane må nyttast til tiltak som bidreg ti å utvikla og ta vare på destinasjonen. Tilrettelegging av infrastruktur eller tiltak som syter for å ta vare på natur er døme på kva midlane kan nyttast til.
– Vent på arbeid frå vest
I høyringsinnspelet sitt viser Virke elles til at Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap og reisemålsselskapa Visit Sognefjord og Geiranger Utvikling med støtte frå tre fylkeskommunar dei siste åra har sett nærmare på kva verktøy som trengst for å løysa utfordringane knytt til turisme.– Dei vil avslutta arbeidet sitt om kort tid, og det er venta at konklusjonane blir offentleggjort cirka 1. april 2020. Virke vil oppmoda næringskomiteen til å utsetja behandlinga av saka i komiteen til desse konklusjonane ligg føre, heiter det i høyringsinnspelet frå Virke.
Organisasjonen meiner dette vil gje eit betre grunnlag for å fatta ei avgjerd i saka. Virke meiner også at arbeidet som mellom anna går føre seg i regi av Visit Sognefjord vil kunna danna grunnlag for ei offentleg uavhengig utgreiing.
(©NPK)
Publisert: 27.01.2020 22:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30





