NPK-NTB: Flyselskapet Flyr kom ikkje i mål med den nye finansieringsplanen. Situasjonen er alvorleg og styret skal vurdere om det finst alternativ for vidare drift.
Selskapet presiserer i ei pressemelding at flygingane måndag går som normalt. Selskapet har sidan før jul jobba med ein finansieringsplan.
– Dessverre har ikkje Flyr lykkast med den alternative finansieringsplanen og er no i ein situasjon der styret må vurdere om det finst alternativ for vidare drift, seier styreleiar Erik Braathen i Flyr.
Selskapet har ingen planlagde flygingar tysdag og informasjon om framtidige flygingar blir delt så snart som mogleg, opplyser selskapet.
Publisert: 30.01.2023 08:26
Sist oppdatert: 30.01.2023 08:31