Kort fortalt

Foreslår pakkereise-gebyr

Virke vil ha gebyr på pakkereiser.

07.12.2020
NPK-NTB:Virke meiner koronapandemien har vist at pakkereiselova treng ei ny vurdering og foreslår gebyr på pakkereiser.
Gebyret skal dekkje garantien som alle selskap må stille for å sikre Reisegarantifondet mot tap ved konkurs, skriv .
– Slike garantiar, som kan utskrivast av bankar eller forsikringsselskap, er kostbare og bind opp veldig mykje likviditet i selskapa, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv.
– Vi meiner det heller på kvar reise bør leggjast eit gebyr som går til Reisegarantifondet og som kan brukast til å dekkje kravet frå forbrukarane i ein konkurssituasjon, seier ho.
Eit slikt gebyr vil gjere det meir føreseieleg for selskapa. Det meiner reisearrangøren Norsk Tur, som opplyser at det har store beløp bunde opp som tryggleik for garantien som blir stilt til Reisegarantifondet.
– Det er klart det er krevjande i ein situasjon der eg må førebu meg på å klare meg til neste sommar utan ei krone i inntekter, seier eigar Sissel Nordhagen til avisa.
Virke har så langt ikkje sagt noko om storleiken på gebyret.
– Danskane har ei ordning med garanti for flyreiser med eit fast beløp per reise. Vi meiner det kan vere ei god løysing, men vi er ikkje låste her og opne for ulike løysingar, seier Bergmål.

Publisert: 07.12.2020 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24