NPK-NTB: Måndag kveld kom Industri Energi og Norsk olje og gass til semje i dei sentrale forhandlingane for landtilsette i olje- og gassbransjen.
Bransjeavtalen er ein rammeavtale, der forbundet først forhandlar sentralt med Norsk olje og gass, så blir det forhandla lokalt i bedriftene, før den nye avtalen eventuelt blir signert, noko som skal skje før 4. desember, opplyser Industri Energi i ei pressemelding.
Partane er samd om at det skal nedsetjast eit partssamansett utval som skal gjennomgå utfordringar knytt til utarbeiding, godkjenning, varigheit og praksis av skiftplanar. Partane tilrår dessutan å gjennomgå grunnlaget for forskotering av sjukepengar i dei bedriftene der det ikkje blir gjort.
Bransjeavtalen gjeld for landtilsette i olje- og gassindustrien, både på landanlegg og ved kontorstadene. Industri Energi har drygt 4.500 medlemmer som går innunder avtalen.

Publisert: 03.11.2020 08:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24