Kort fortalt

Forlenger opphaldsløyve

Endrar reglane for utanlandske arbeidarar.

23.03.2020
NPK-NTB: Arbeids- og sosialdepartementet jobbar med ei endring i utlendingsforskrifta som gjer at utanlandske arbeidstakarar som er i Noreg, kan bli verande i landet.
Endringa skal gjere at arbeidarane kan opphalde seg i Noreg i meir enn seks månader samanhengande, skriv .
– Denne endringa tyder at vi no får på plass eit viktig tiltak. Det vil avhjelpe akutte problem hos enkelte produsentar som manglar arbeidskraft, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).
Ho poengterer at endringa er viktig for landbruket og sjømatnæringa.

Publisert: 23.03.2020 14:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29