(NPK): Regionalt forskingsfond Møre og Romsdal (RFF) er det minste av 11 regionale forskingsfond her i landet, men har i år handsama flest søknader og gitt mest støtte.
RFF har i år løyvd 29,6 millionar kroner til prosjekt som utviklar nye, innovative løysingar og produkt ved hjelp av forsking.
– 2020 har vore eit spesielt år. Eit stort omstillingsbehov i næringslivet vart ytterlegare utfordra av covid-19. Regionalt forskingsfond har sørgd for at mange innovasjons- og omstillingsprosessar har kunna starte. Ekstra løyvingar til fondet frå fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og Kunnskapsdepartementet har gjort RFF til eit viktig regionalt verkemiddel i ei vanskeleg tid, seier næringssjef i fylkeskommunen og styreleiar i fondet, Bergljot Landstad, i ei pressemelding.
Av totalt 74 søknadar har 31 bedriftsprosjekt og 4 kommunale prosjekt mottatt mellom 500.000 og 2,1 millionar kroner i støtte frå fondet.
(©NPK)

Publisert: 21.12.2020 17:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24