Kort fortalt

Forsvaret sender 60 koronasoldatar

Skal hjelpe til på Svinesund.

18.01.2021
NPK-NTB: Måndag vart det innført obligatorisk testing på grensa, og Halden kommune har fått hjelp frå Forsvaret for å handtere situasjonen.
– For å kunne handtere trykket med obligatorisk testing på grensa bad vi i helga om hjelp frå Forsvaret. Det får vi no, så det blir rekvirert 60 personar frå Forsvaret og Sivilforsvaret under kommando frå Heimevernet, seier kommunedirektør Roar Vevelstad i Halden kommune til .
Hjelpa gjeld i første omgang fram til 1. februar, men Vevelstad fortel at kommunen allereie er i dialog om ei forlenging.
Dei nasjonale styresmaktene har presisert at det er gjort unntak for obligatorisk testing ved Svinesund. Det vil ta nokre dagar før testkapasiteten er god nok, seier Vevelstad. Alle fasilitetane er på plass, men ein treng fleire personar som kan registrere og teste.
Det er derfor gitt mellombels unntak for personar med fast tilhald i Noreg ved Svinesund. Dei må så snart som råd og innan 24 timar teste seg ein annan stad dersom ventetida på teststasjonen er over ein time.

Publisert: 18.01.2021 20:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23