Kort fortalt

Forureinande cruiseskip må betale meir

Femten hamner har sett opp hamneavgifta.

24.01.2020
(NPK): Ved å heva og senka hamneavgiftene etter kor forureinande cruiseskipa er, håpar norske cruisehamner å påverka cruiseskipa og reiarlaga til å bli meir miljøvennlege.
– Det skal lønne seg å vera miljøvenleg, seier hamnedirektør i Molde og Romsdal hamn, Olav Akselvoll til
Molde og Romsdal hamn er ifylgje kanalen ei av femten norske cruisehamner som har innført eit system som måler forbruket av drivstoff, utslepp og reinsing hos cruiseskipa. Dei skipa som kjem best ut, blir premierte med lågare hamneavgift, medan det er motsett for cruiseskip som forureinar mykje.
Skilnadene på kor mykje cruiseskipa må ut med kan då bli ganske store. Medan eit gjennomsnittleg skip som gjer scorar bra, slepp unna med 82.000 kroner, kan hamneavgifta for eit tilsvarande skip som hamnar i andre enden av skalaen bli 250.000 kroner, fortel NRK.
(©NPK)

Publisert: 24.01.2020 10:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30