Kort fortalt

Forventar rekordhøg julehandel

Vi skal bruke 117 milliardar før jul.

03.11.2020
NPK-NTB: Nordmenn kjem til å handle mat og gåver som aldri før fram mot jul, skal vi tru Oslo Handelsstands Forening (OHF). Dei forventar ein auke på 6 prosent.
Totalt vil nordmenn bruke 117 milliardar kroner i november og desember. 65 prosent vil gå til gåver, 35 prosent til mat. Snittet i årets siste månad vil bli 12.000 kroner, opp 4,8 prosent frå 2019.
Administrerande direktør Bjørn Næss i OHF trur nordmenn har ekstra mykje pengar å rutte med opp mot jul.
– Feriebudsjetta er låge, vi har rekordlåg rente og rekordlåge straumprisar. Smittevern og heimekontor har òg ført til at vi bruker mindre pengar på transport og tenester, seier Næss.

Publisert: 03.11.2020 08:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24