Kort fortalt

Framleis mange utan vegadresse

Manglar rundt 100.000 adresser.

06.03.2020
NPK: Kartverket hadde som mål at alle eigedommar skulle ha vegadresse innan 2015. Framleis manglar det nesten 100.000 adresser rundt om kring i landet.
Anne Lien, fylkeskartsjef i Vestland, seier det er viktig med ei skikkeleg vegadresse.
– Tidlegare skjedde alt lokalt. Posten blei sortert på det lokale postkontoret og ambulansesjåføren jobba i sitt lokalsamfunn. Alle visste kvar ein budde. No er det mykje meir sentralisert, og ein er nøydd til å ha ei eintydig vegadresse for at tenestene skal nå fram i tide, seier Lien til
Ho seier det gjerne må ein ressursperson i kommunen til for å få prioritert eit adresseprosjekt. Lien viser til Fjaler kommune som eit godt døme. I 2013 var kommunen heilt utan vegadresser, medan dei no har ei dekning på 98 prosent.
– Om ein også vel gatenamn det ikkje blir så mykje diskusjon rundt, er det mogleg å få på plass adresser så rask som dei har klart i Fjaler, seier fylkeskartsjefen.

Publisert: 06.03.2020 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29