Kort fortalt

Framleis stor etterspørsel etter norsk sjømat

Marknaden i Europa tek unna.

10.03.2020
(NPK): Sjølv om eksporten av sjømat til Kina har stupt den siste månaden, går salet av norsk sjømat framleis godt.
Det seier Robert Johansen, administrerande direktør i Polar Quality. Han seier det ikkje blir eksportert noko til Kina no, men at marknaden i Europa tek unna den fisken.
– Fisken går ut, og prisnivået kan vi ikkje klage på, seier han til
Etter at prisen på nordsjøolje fall med nesten 25 prosent natt til måndag, svekte også kronekursen seg betydeleg. Ei rekordsvak krone gir draghjelp til dei som sel sjømat til utlandet.
Men Nordea-analytikar Kolbjørn Giskeødegård meiner situasjonen kan bli dramatisk for sjømateksporten dersom land som Polen, Frankrike og Tyskland må stengje ned, slik som Italia no har gjort.
– Det ville ha vore krise. For konsumet av laks er det dei tre marknadane som er dei klart viktigaste i Europa. Men då er det veldig mange sektorar som vil slite, seier Giskeødegård til kanalen.
Giskeødegard samanliknar situasjonen med finanskrisa for ti år sidan:
– Mat må ein ha. Enten det er finans- eller eurokrise, er sjømatsektoren kanskje den sektoren som har klart seg best. Utan at det er nokon garanti for at det vil skje igjen.
(©NPK)

Publisert: 10.03.2020 12:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29