NPK-NTB: Buplikta er eit inngrep i eigedomsretten, der kommunen skaper ein bustadmarknad der prisane blir haldne kunstig nede, meiner Frps kommunalpolitiske talsperson Helge André Njåstad.
– Vi er ikkje tente med ein marknad som blir halden utanfor den frie marknaden. Bustadsal og -kjøp gir inntekter og innbyggjarar, seier han til NTB.
– Det er mykje distrikta kan gjere for å sikre seg innbyggjarar og inntekter, men tvang og innblanding i eigedom er aldri ei riktig løysing, meiner Njåstad.
Buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen. Personleg buplikt betyr at eigar må bu der sjølv. Ved upersonleg buplikt kan andre enn eigaren bu der. Buplikt kan følgje direkte av lova, eller bli fastsett som vilkår i eit vedtak om å gi konsesjon.
Høgre/Frp-regjeringa varsla allereie hausten 2013 at dei ville kjempe for å få fjerna buplikta, men det har ikkje vore fleirtal på Stortinget for å ta eit slikt grep.

Publisert: 25.11.2020 12:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24