(NPK-NTB): Framstegspartiet varslar at kvotemeldinga som partiets eigen fiskeriminister la fram i fjor, ikkje går gjennom næringskomiteen utan endringar.
– Det ligg vel i korta at det vil komme justeringar. Så skal vi framleis ha samtalar med regjeringspartia og søke å finne ei løysing saman i komiteen. Men vi vil ha inn reinare Frp-politikk, seier Frps fiskeripolitiske talsperson Bengt Rune Strifeldt til Klassekampen.
Også fylkesleiar i Nordland Frp, Dagfinn Henrik Olsen, varslar endringar i kvotemeldinga.
Strifeldt trur fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik har full forståing for ønsket om å trekke meldinga meir i retning Frp enn den vart i regjering.
Saka han særleg forventar at Frp får gjennomslag for, er å skrote forslaget om ein kvotebehaldning. I meldinga blir det foreslått å opprette ei ordning for utleige av kvotar frå ein kvotebehaldning.
Fiskeripolitisk talsperson Tom-Christer Nilsen i Høgre seier til Klassekampen at han registrerer utspela til Frp-toppane.
– På dette området, som på alle andre, må vi i dialog partia imellom på Stortinget. Det er ein ny parlamentarisk situasjon, seier han.
– Men utgangspunktet mitt er at meldinga som er lagt fram, er den som gjeld, seier Nilsen.
(©NPK)

Publisert: 23.01.2020 08:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30