Kort fortalt

Frp vil ha ferjepriskutt

Vil øyremerke 200 kuttmillionar.

09.11.2020
NPK-NTB: Framstegspartiet foreslår i det alternative statsbudsjettet sitt måndag å øyremerkje 200 millionar kroner for å få ned billettprisan på ferjereiser.
Frps stortingsrepresentant Helge André Njåstad vil målrette pengane mot lågare prisar for bedrifter og folk flest.
– Derfor stiller Frp krav i budsjettforslaget om at berre fylkeskommunar med billettprisar på eller under statleg regulativ får ein del av dei 200 friske millionane, seier han til NTB.
– På den måten sikrar vi effektivt at ikkje fylke gjer som vi såg då ferjeopprøret oppstod i fjor, nemleg aukar ferjeprisane, seier Njåstad.
Fordelinga Frp legg opp til, er to tredelar til fylke som har teke i bruk ny teknologi, og ein tredel flatt på ferjekriteriet. Det er same fordeling som dei 150 millionane ferjefylka fekk i år, men som regjeringa kutta i forslaget sitt til 2021-budsjett.
Frp og regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre innleier måndag forhandlingar om statsbudsjettet for neste år.

Publisert: 09.11.2020 09:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24