NPK-NTB: I veke 1 og 2 kom det nesten dobbelt så mange nye simkort frå Polen og Litauen på det norske mobilnettet som det var personar frå desse landa som testa seg.
Over 17.000 personar frå Polen og Litauen vart koronatesta i Noreg i veke 1 og 2. Samtidig kom nesten 32.000 simkort frå desse landa på det norske mobilnettet, viser tal NRK har fått frå Telenor.
Det skjedde sjølv om det frå 2. januar vart innført obligatorisk koronatesting for alle som kjem til Noreg.
Hjelpeorganisasjonen Caritas meiner at mange arbeidsinnvandrarar ikkje testar seg av frykt for arbeidsgivar.
– Dette med testing, smittevern og arbeidsgivaransvar heng saman, og dei er redde for å melde frå og følgje reglane av frykt for å ikkje få jobb i Noreg, seier jurist Marta Frydrych Torkildsen i Caritas.
Ho meiner òg at vanskeleg tilgjengeleg informasjon, komplisert regelverk og stadige endringar er andre årsaker til at mange ikkje har testa seg.

Publisert: 27.01.2021 07:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23