NPK-NTB: Den frykta sjøpungen Didemnum vexillum er funnen i hamna i Stavanger.
– Sjøpungen dekkjer eit stort område frå sju til tjue meters djup, inkludert ein flott fjellvegg som han er i ferd med å ta over, seier dykkar og fotograf Erling Svensen som kom over sjøpungen ved Engøyholmen ikkje langt frå Stavanger Dykkerklubb.
Arten dannar raskt store koloniar og har det med å dekke til andre artar fullstendig, opplyser .
– Tenk deg ei pannekake som du slengjer på bakken. Litt sånn ser han ut, seier Svensen.
Den er utbreidd i Nederland, Frankrike, Irland og Storbritannia og har truleg opphavet sitt i Japan. Arten kan ha komme til Stavanger nyleg.
– Denne japanske sjøpungen har stort invasjonspotensial og stor effekt på miljøet, forklarer havforskar Vivian Husa.
Ho leier kartleggingsprosjektet for framande artar i sjøen.
– Arten har spreidd seg som eld i tørt gras over store delar av verda dei siste åra. Vi ventar at han kan skape problem for blåskjeldyrkarar ved å dekke til blåskjela, og på oppdrettsanlegg ved å gro på nøtene, seier ho.
Ho er ikkje overraska over at sjøpungen no er stadfesta i norske farvatn.
– Stavanger hamn har stor båttrafikk. Som mange andre framande artar, har han nok haika hit ved å vekse på skipsskrog, seier forskaren.

Publisert: 12.11.2020 13:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24