Kort fortalt

Fryktar for villaksen

Korona gir redusert kontroll av lakselus.

25.03.2020
NPK-NTB: Redusert kontroll av lakselus under koronakrisa kan føre til alvorlege konsekvensar for villaksen, åtvarar miljøorganisasjonar.
Ei rekkje miljøorganisasjonar og interesseorganisasjonar har sendt brev til fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) der dei åtvarar mot å sjå bort frå miljøomsyn når det skal setjast inn tiltak som følgje av koronakrisa.
Ingebrigtsen vurderer å lempe på enkelte reglar i fiskerinæringa under koronakrisa, til dømes rapportering av lusetal, har han sagt til .
Organisasjonane Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF), Norske Lakseelver, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom, WWF Verdsnaturfondet, Norsk Friluftsliv, Sabima, Greenpeace og Redd villaksen står bak brevet til fiskeriministeren.
– Dersom ein no set i verk tiltak som aukar lakseluspresset midt i utvandringstida frå elvane, som er den mest sårbare tida for den ville laksen, så kan det gi langvarige negative konsekvensar for dei allereie sårbare bestandane, åtvarar generalsekretær Eldar Berli i NJFF.

Publisert: 25.03.2020 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29