NPK-NTB: Heile fire av ti historiske hotell og serveringsbedrifter risikerer å gå konkurs etter det kraftige omsetningsfallet på grunn av koronapandemien.
November og desember har vore blytunge for brorparten av dei nær 100 hotella og serveringsbedriftene i medlemskjeda De Historiske, skriv Dagens Næringsliv.
Blant medlemsbedriftene i kjeda finn vi mellom anna stader som Losby Gods, Hotel Union Geiranger og Øye, Fleischer's Hotel på Voss, Gamle Logen, Statholdergaarden og Fløien Folkerestaurant.
Brorparten av dei 66 hotella og 26 matstadene i De Historiske er familieeigde og har ingen stor og kapitalsterk eigar å lene seg på.
– Det er skapt eit inntrykk av at no når vaksinen er på veg, er faren òg over for mange i reiselivet. Det stemmer berre ikkje, seier Nils Henrik Geitle, administrerande direktør i medlemskjeda.
Han viser til at medlemsbedriftene i gjennomsnitt har eit omsetningsfall på 20–30 prosent i år. Enkelte har mista halvparten av inntektene, særleg fordi november og desember har vore så krevjande.
– Viss første halvår 2021 blir like ille som november og desember, står 35–40 prosent i fare for å gå konkurs, seier Geitle.

Publisert: 28.12.2020 11:00
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:49