(NPK): I Vestland fylke er det bestemt at alle hurtigbåtar skal vere utsleppsfrie innan fire år. Endå er det ikkje klart kor mykje det vil koste, men Framstegspartiet meiner satsinga manglar 100 millionar kroner.
– Ambisjonane er fine, og dette med klima er viktig. Men her er det eit misforhold mellom det ein ønsker og det ein har pengar til, seier Sigbjørn Framnes (Frp) til
Han meiner det manglar 100 millionar kroner, noko han fryktar vil gå ut over skuletilbodet til ungdommar i fylket.
– Det kostar å gå føre. Men kor mykje veit vi ikkje før vi har fått anboda frå leverandøren på plass, seier Jannicke Bergesen Clarke i Vestland Arbeidarparti til kanalen.
I dag er det ingen hurtigbåtar som kan gå mellom Bergen og Sogn eller Nordfjord utan utslepp.
Clark meiner det ville vore uansvarleg å ikkje satse på utsleppsfrie båtar.
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier at han støttar fylket sine ambisjonar, men vil ikkje love at Vestland får dekt alle ekstra utgiftene ved satsinga. Regjeringa har til no løyvd 6 millionar kroner til utsleppsfrie hurtigbåtar i Vestland.
(©NPK)

Publisert: 18.02.2020 13:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30