Kort fortalt

Fuglar pinte til døde på oppdrettsanlegg

Aqua Farms beklagar sterkt.

25.02.2020
Ved fleire oppdrettsanlegg blir fuglar fanga i netta rundt merdane, og pint til døyde, skriv .
Frå 2018 har Oddvar Olsen og Jostein Fagerhol dokumentert korleis fuglar blir utsett for ein pinefull død. Ved Aqua Farms sitt anlegg ved Kvangardsneset i Dalsfjorden kunne dei telje heile 18 fuglar og saka er no meld til politiet.
- Det er rett og slett sjokkerande: Fuglane har gått i netta over tid, og trass i at anlegga er bemanna, har dei ikkje gjort noko for å berge fuglane, seier Olsen til avisa.
Dagleg leiar Ottar Vartdal beklagar sterkt situasjonen til , og seier dei har påtala saka kraftig internt. Han fortel at rutinane tilseier at fugl som er i live, skal hjelpast laus.

Publisert: 25.02.2020 07:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30