Kort fortalt

Full arbeidsveke igjen ved Ekornes

Avgjort kven av dei tilsette som sluttar.

01.02.2023

Alle dei som blir oppsagd ved Ekornes-fabrikkane i samband med den varsla nedbemanninga, har no fått beskjed, ifølgje Sunnmørsposten.

Samtidig er produksjonen i full gong med full arbeidsveke, etter at det vart jobba firedagers-veke ein periode. Konsernsjef Frederik Ødegård Nilsen seier til avisa at det ikkje er planar om nye nedbemanningar i år.

Konsernet varsla tidlegare at dei måtte redusere arbeidsstokken med 190 personar i Norge. Dei fleste av desse vart sagt opp, og 19 av dei jobba ved fabrikken på Grodås. 36 tilsette over 62 år takka sa til sluttpakke og nokre valde å seie opp sjølv.

Publisert: 01.02.2023 11:56

Sist oppdatert: 01.02.2023 12:05

Mer om