Fredrik Ødegård Nilsen foto Ekornes 11
TUNG BESKJED: Konstituert konsernsjef og finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen må gi beskjed om at ein rekke tilsette i Ekornes må finne seg anna arbeid. Foto: Ekornes
Nytt

– Ein trist beskjed å få, og ein trist beskjed å gi

Den ferske Ekornes-sjefen må seie opp fleire hundre tilsette.

Marius Rosbach
04.01.2023

I november vart Fredrik Ødegård Nilsen kasta inn i rolla som konstituert konsernsjef, då Roger Lunde takka for seg.

Etter kort tid, står no sykkylvingen i ein krevjande prosess der hundrevis av tilsette vil misse jobbane sine i konsernet i Norge og Asia.

– Det er ein trist beskjed å få, og ein trist beskjed å gi, seier Fredrik Ødegård Nilsen til NETT NO om reduksjonane.

Kuttar opptil 190 årsverk i Norge
Onsdag sende konsernet ut meldinga der dei opplyser om at opptil 150 tilsette må gå i produksjonen i Norge. I tillegg blir støttefunksjonar og administrasjon redusert med opptil 40 årsverk.

- Dei 150 i produksjonen er stillingar i Sykkylven og på Grodås. I tillegg kjem reduksjonen på administrative og indirekte stillingar på tvers av konsernet. Dei fleste av desse vil vere stillingar i Norge, fortel konsernsjefen.

– Avhengig av å justere oss
Sjølv om Fredrik Ødegård Nilsen er fersk som konsernsjef, kjenner han bedrifta godt. Sykkylvingen har sjølv arbeidd i produksjonen før han tok utdanning, og kom tilbake som strategidirektør og deretter finansdirektør.

- Vi har vore gjennom mange både opp- og nedturar tidlegare. Vi er ein syklisk bransje, der vi er avhengig av å justere oss etter forholda, seier han.

I Asia blir opptil 700 råka når Ekornes legg ned verksemda i Vietnam, og samlar produksjonen i Thailand.

No er fokuset vårt å ta vare på dei tilsette best mogleg
Fredrik Ødegård Nilsen

Allmøte onsdag
Onsdag blir dei tilsette samla til allmøte der dei skal få informasjon – og moglegheit til å stille spørsmål. Deretter blir det organisert drøftingar frå neste veke.

– No er fokuset vårt å ta vare på dei tilsette best mogleg. Det gjer vi ved å gi så god og open informasjon som vi kan, og å svare dei tilsette på det dei lurar på, seier Ødegård Nilsen.

Eit ekstern firma er leigd inn for å hjelpe dei tilsette med alt frå økonomisk rådgjeving, til hjelp med å komme i nytt arbeid.

Mål om å bli ferdig raskast råd
Målet er at prosessen blir gjennomført så raskt som mogleg.

– Alle er tent med at dei tilsette ikkje går og er usikre lengre enn dei må. Vi vil diskutere med kvar enkelt og stille opp så godt vi kan som arbeidsgivar, seier han.

Jakta på ein permanent konsernsjef er ikkje ferdig. Ødegård Nilsen svarar slik på om spørsmål om det freistar å helde fram i jobben:

– Det blir eit hypotetisk spørsmål, som eg må ta stilling til om det blir aktuelt.

Publisert: 04.01.2023 12:11

Sist oppdatert: 04.01.2023 20:20

Mer om