Edvar Lie Ekornes Foto Marius Rosbach 11
TRUR MANGE VIL SLITE: Hovudtillitsvalt Edvard Lie trur mange av dei som no misser jobbane sine i Ekornes, vil ha vanskeleg med å få nytt arbeid. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vil ha ringverknader til heile samfunnet

Sist Ekornes sa opp folk i hopetal kom dei fleste seg raskt i ny jobb. No er situasjonen ein heilt annan.

Marius Rosbach
04.01.2023

Dei tilsette i Ekornes-konsernet går eit tøff tid i møte etter onsdagens brutale beskjed om oppseiingar av fleire hundre personar i Norge og Asia.

Opptil 190 årsverk forsvinn i Norge, og kring 150 av desse vil vere folk frå produksjonen ved fabrikkane i Sykkylven og på Grodås. Målet er at prosessen ska bli gjennomført så raskt som mogleg.

Hovudtillitsvalt Edvard Lie trur det bli vanskeleg for alle å få seg nytt arbeid.

– I Sykkylven er det ikkje mykje ledige jobbar for tida. Sjølv om vi veit at til eksempel Møre Trafo treng folk, så vil ikkje ti stillingar monne. Dette vil ha ringverknader på heile samfunnet, seier han til NETT NO.

– Ein heilt anna situasjon
Då Ekornes sa opp 80 tilsette i haust, fekk mange seg raskt nye jobbar i lokalmiljøet.

– Vi var i ein heilt anna situasjon i september-oktober. Den gang hadde vi både Møre Trafo, Norsk Sjømat og Grandiosa-fabrikken på Stranda som tok i mot mange, og dei fleste fekk seg nye jobbar, fortel Lie.

Lie påpeikar at også leverandørbedrifter i lokalmiljøet blir råka når det til eksempel blir mindre behov for møbeldelar og emballasje.

– Dette vil også nabokommunane merke framover, legg Lie til.

Det høyrer med til historia at mange av dei som er tilsett i Ekornes dei siste åra, har kome inn i via eit program bedrifta har hatt med NAV og flyktningetenesta. Fleire av desse har lite relevant arbeidserfaring frå tidlegare.

– Som eit sjokk på dei fleste
NETT NO snakka med hovudtillitsvalt Lie etter onsdagens møte med leiinga. Trass i den vanskeleg situasjonen, påpeikar han at det har vore ein ryddig prosess på leiinga si side.

– Eg har vore involvert sidan desember. Dei tilsette har skjønt at det måtte skje noko, men at konsekvensane skulle bli så drastiske, trur eg ingen hadde trudd. Det kom nok som eit sjokk på dei fleste, seier han.

Framover vil det bli drøftinger med dei ulike tilsette. Det er óg leigd inn eit firma for å hjelpe dei tilsette med alt frå økonomisk rådgjeving, til hjelp med å komme i nytt arbeid.

No er fokuset vårt å ta vare på dei tilsette best mogleg
Fredrik Ødegård Nilsen
Fredrik Ødegård Nilsen foto Ekornes 11
TUNG BESKJED: Konstituert konsernsjef og finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen måtte onsdag gi beskjed om at ein rekke tilsette i Ekornes må finne seg anna arbeid. Foto: Ekornes

Kuttar opptil 190 årsverk i Norge
Onsdag sende konsernet ut meldinga der dei opplyser om at opptil 150 tilsette må gå i produksjonen i Norge. I tillegg blir støttefunksjonar og administrasjon redusert med opptil 40 årsverk.

– No er fokuset vårt å ta vare på dei tilsette best mogleg. Det gjer vi ved å gi så god og open informasjon som vi kan, og å svare dei tilsette på det dei lurar på, fortalde konstituert konsernsjef og finansdirektør Fredrik Ødegård Nilsen til NETT NO tidlegare onsdag.

I Asia reknar Ekornes med å redusere med rundt 700 årsverk. Her vil konsernet samle verksemda i Thailand, og legge ned i Vietnam.

Bakgrunnen er at Ekornes har vore gjennom ei historisk boom etter at pandemien slo til i 2020. No er etterspurnaden på veg tilbake til nivået før pandemien.

Publisert: 04.01.2023 18:01

Sist oppdatert: 04.01.2023 22:06

Mer om