NPK: Norske vassmagasin er no historisk fulle. Det kan bidra til billig straum framover.
– Sist veke hadde det allereie regna meir i 2020 enn det gjorde gjennom heile 2018, seier seksjonssjef Ann Myhrer Østenby i Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) til . Alt regnet har gjort at fyllingsgraden var 95 prosent i vassmagasina her i landet ved utgangen av førre veke.
Det er det høgaste NVE har målt i tilsvarande periode på 20 år. Østenby er derfor ikkje overraska over at årets kraftprisar er uvanleg låge.
– Med så låge kraftprisar som det er no, vil det nok slå positivt ut for den jamne forbrukar.
Arnfinn Brede i Glitre Energi i Drammen ser også for seg låge straumprisar dei neste vekene.
– Fulle vassmagasin vil bidra til låge straumprisar for den alminnelege straumkunde, seier Brede.

Publisert: 16.10.2020 07:31
Sist oppdatert: 07.04.2021 17:54