NPK-NTB: Fylkesmannen skal få eit nytt, kjønnsnøytralt namn. 21 forslag blir rekna som dei mest aktuelle, blant dei er jarl, kanslar, fut og nesseregent.
Fristen for både fylkesmenn og offentlegheita å komme med tips var 5. juli, skriv .
Namneforslaga Kommunal- og moderniseringsdepartementet reknar som dei mest aktuelle, kan grovt delast inn i tre grupper. Nokre av dei er historiske titlar, mellom dei guvernør, jarl, kanslar og høvding. Andre tek utgangspunkt i ordet «fylke», blant dei er fylkesråd og fylkesdirektør.
Til slutt er det ei gruppe namn som tek utgangspunkt at fylkesmannen er representant for staten – regiondirektør, statsdirektør og statsforvaltar.
Fylkesmennene har skrive eit brev til departementet med tilråding om at «fylke» ikkje bør vere ein del av det nye namnet, sidan fylkesmannen ofte blir blanda med fylkeskommunen. Fylkeskommunen er representant for interessene staten og befolkninga har til fylka.
Fylkesmennene åtvarar òg mot eit namneskifte som kan auke avstanden til embetet i folks medvit. Det kjem mellom anna av at regionreforma har redusert talet på fylkesmenn frå 17 til 10.

Publisert: 23.07.2020 06:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25