Tysdag vil truleg fylkesutvalet i Møre og Romsdal seie seg samd med fleirtalet i samferdsleutvalet, om å droppe krav om nullutslepp når nye hurtigbåtruter skal lysast ut.
Veftssjef og medeigar Tor Øivind Aa ved hurtigbåtverftet Brødrene Aa, lar seg ikkje provosere av det.
– Eg har full forståing for at det er ein skepsis hos politikarane til å stille slike krav, men dei bør likevel stresse med å få ned utsleppa, seier han til Nett No.
– Mogleg å spare både pengar og utslepp
Aa har vore med å bygge ein rekke batterielektriske båtar.
Fleire av desse går på strekningar som svarar til Ålesund-Langevåg eller Ålesund-Valderøya, som er mellom rutene fylkespolitikarane skal lyse ut for perioden 2027 til 2040.
– Det er mogleg å spare både pengar og utslepp, påpeiker verftseigaren.
– På dei kortare rutene er det både økonomisk og miljømessig berekraftig med batteri, legg han til.
På den lengre ruta mellom Hareid og Ålesund, er det meir utfordrande. Aa meiner likevel at også denne ruta vil vere lønnsam om ein vel rett løysing og teknologi.

Ein rapport frå Sweco som fylkespolitikarane fekk i fjor, konkluderte med at var mogleg å ta i bruk hurtigrutene med batterielektrisk drift med et kostnadsnivå som i dag - pluss/minus ti prosent.
Rapporten peiker óg på betydelege kostnader med å få på plass infrastruktur og ladestasjonar på kaiene.
Har levert batteribåtar til reiselivet
Til no har det i hovudsak vore kommersielle aktørar som har dominert i kundelistene over dei som har bygd batterielektriske hurtigbåtar frå hurtigbåtverftet i Nordfjord.
I løpet av dei siste åra har dei mellom anna levert batteribåtar til reiselivsselskapa The Fjords, Brim Explorer og Rødne Fjord Cruise.
– Det er båtar som dei reisande sett pris på. Dei er stillegåande, passasjerane likar at dei er «grøne» og dei sparar pengar på drifta, seier Aa.
– Om det offentlege kan gjere som dei gjer med desse turistbåtane, vil det berre vere vinnarar, legg han til.
Første offentlege heilelektriske hurtigbåtar
Forslaget som ligg i saksutgreiinga til fylkesutvalet sitt møte tysdag, inneberer at miljø blir vekta med 30 prosent.
– Det er greitt så lenge dei også legg vekt på miljø. Så får ein vurdere i kvart enkelt tilfelle – også må leverandørane levere løysingar som viser at det er mogleg, seier Tor Øivind Aa.
Det har vore utlyst fleire konkurransar om å utvikle hurtigbåtar med nullutslepp i offentleg regi opp gjennom åra.
Nyleg blei dei første rutene starta opp på, då Vestland fylkeskommune sette inn dei første heilelektriske hurtigbåtane frå Brødrene Aa på bybåtane mellom Bergen, Askøy og Alver.
– Det er typiske ruter som er godt eigna, seier Aa.
Publisert: 25.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 25.11.2024 09:18