Fylket tek over vegdrift i Nordfjord
Testar nytt konsept på fylkesvegar.
(NPK): Vestland fylkeskommune har vore vegeigar og Statens vegvesen har drifta vegane. Det blir det endring på i Nordfjord.
Vestland fylkeskommune testar ut konseptet byggherrestyrt driftskontrakt frå Vassenden i Sunnfjord til Stadtlandet i Nordfjord.
Konseptet inneber at fylkeskommunen sjølv tek ansvar for drift av fylkesvegnettet, framfor ein hovudentreprenør. Det fører til at 28 mindre driftskontraktar blir tildelte fleire entreprenørar. Fylkeskommunen tek ansvar for å skaffe arbeidskraft og følgjer opp arbeidet.
Målet er å få betre oversikt over vegnettet og kontrollere korleis midlane kan nyttast best mogleg. Slik håpar fylkeskommunen å få eit betre grunnlag for budsjettsøknadar innan tilleggsbehov.
– Med dette får vi større fridom til å styre ressursane, noko som gjer at vi kan fordele midlane der det er størst behov for dei, seier Jon Roger Falkevik Nygård, byggjeleiar for den nye nordfjordkontrakten i avdeling infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
I tillegg til betre utnytting av midlane dei har til rådvelde, er også samarbeid eit stikkord.
– Vi ynskjer å styrkje samarbeidet med kommunane og å auke deltaking frå små og mellomstore entreprenørar, i tillegg til dei større. Etter kvart håpar vi å finne gode løysingar vi kan nytte i dei framtidige driftskontraktane våre, seier Nygård
Det nye konseptet inneber blant anna at fylkeskommunen har tilsett eigne vegvaktarar, som skal inspisere og overvake fylkesvegnettet, i tillegg til å varsle og retta opp avvik. Tidlegare har rolla som vegvaktar vore utført av entreprenør.
(©NPK)
Publisert: 14.09.2023 14:44
Sist oppdatert: 14.09.2023 14:44