Kort fortalt

Fyllingsgrada ned i magasina

Men godt over nivået i fjor.

23.02.2023

Vassmagasina i Noreg hadde ei fyllingsgrad på 49,4 prosent førre veke. Fyllingsgrada var då ned 2,2 prosentpoeng frå veka før.

Det viser den vekefaste magasinstatistikken frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Den samla fyllingsgrada er lågare enn normalen for same periode dei siste 20 åra, som er eit nivå på 50 prosent. I same veke i fjor var fyllingsgrada på 42,6 prosent.

Fyllingsgrada har falle i alle kraftregionane. Lågast er fyllingsgrada i NO1 (Aust-Noreg) med berre 38,9 prosent, ned 4,2 prosentpoeng frå veka før. Det er likevel meir fylling i magasina i Aust-Noreg enn det har pleidd å vere dei siste 20 åra (33,9 prosent), og langt meir enn i fjor (30,5).

Publisert: 23.02.2023 02:53

Sist oppdatert: 23.02.2023 02:55

Mer om