(NPK-NTB): Få norske kvinner søkjer patent på oppfinningar, viser ferske tal frå Patentstyret. Delen kvinnelege oppfinnarar låg på berre 6,3 prosent i 2019.
Det er ein svak nedgang frå tidlegare år.
Lågast er delen kvinnelege oppfinnarar innan maskin- og ingeniørområdet som omfattar motorar og maskiner. Her er delen berre 2,8 prosent.
Område med tradisjonelt sett høg del kvinner med høgare utdanning, som til dømes kjemi og metallurgi, har òg høgare del kvinnelege oppfinnarar med 16 prosent.
Den høgaste delen kvinnelege oppfinnarar, 28 prosent, finn ein i kategorien «menneskelege nødvendigheiter». Denne kategorien omfattar mellom anna oppfinningar relatert til landbruk, fiskeoppdrett, næringsmiddel, klede og fottøy, møblar og hushaldsartiklar, legemiddel og dessutan sport og spel.
(©NPK)

Publisert: 09.03.2020 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29