Ronneberghuset innfelt roger halsebakk foto kjetil haanes
NY INVESTERING: Roger Halsebakk og familien sitt eigedomsselskap fekk tilslaget på Rønneberg-eigedomen etter bodrunde. Kjøpet inkluderer ikkje hovudhuset på bilde. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Får kjøpe Larsnes-eigedom

Halsebakk meiner den har stort potensiale.

11.12.2024

Tingretten har innstilt på at Roger Halsebakk får kjøpe Rønneberg-eigedomen for 1,7 millionar kroner, ifølgje Vestlandsnytt

Larsnes-eigedomen har vore på tvangsal og etter ei bodrunde med tre interesserte, gav Roger Halsebakk sitt selskap Ronja Eigedom det høgste bodet. 

Difor har retten innstilt på sal til sandsøyværingen, som er rettskraftig når ankefristen er ute. 

– Eg har i dag ingen konkrete planar for arealet, men meiner det er interessant. Kanskje også med tanke på eventuelle omreguleringar og bruk i næringsmessig samanheng. Vi har etter kvart ein del aktivitet på søre, også i dette området. Men meir konkret kan eg førebels ikkje vere, seier Halsebakk til avisa. 

Halsebakk og familien har mellom anna satsa på overnatting og serveringsverksemd på Sandsøya. Dit går det ferje med avgang eit steinkast frå eigedomen Halsebakk no har kjøpt. 

Eigedomen ligg sentralt plassert på Larsnes i Sande, og er ein av dei eldste handelsstadane på Sunnmøre. Garden kan sporast tilbake til 1600-tallet. Hovudhuset som ikkje er del av salet, er sett i stand som selskapslokale.

Retting: I den første versjonen av denne saka framstod det som at kjøpet inkluderte Rønneberg-huset, men det er ikkje tilfelle. 

Publisert: 11.12.2024 12:04

Sist oppdatert: 11.12.2024 17:03

Mer om