Jan Magnus Kleven Bunker Oil 3
KLATRE MEST: Bunker Oil-eigar Jan Magnus Kleven gjekk frå 327. til 266. plass på Kapital si rangering av dei 400 rikaste i Norge. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Klatrar mest på årets rikingliste

Bunker Oil-eigaren suser oppover på Kapital-rangering. Herøy-reiar er ny på lista.

Marius Rosbach
19.09.2024

Torsdag vart den årlege rangeringa til Kapital over dei 400 rikaste i Noreg presentert. På toppen tronar skipsreiar John Fredriksen som er den desidert rikaste med ei anslått formue på 253 milliardar.

Fredriksen blir følgd av cruisereiar Torstein Hagen med ei formue på 92 milliardar kroner. På tredjeplass har Kapital rangert hedgefondforvaltaren Ole Andreas Halvorsen med 76 milliardar kroner i formue.

På lista er også ein rekke personar frå næringslivet på Nordvestlandet.

Jan Magnus Kleven som gjorde eit comeback på lista i 2022, er den som har klatra flest plassar frå regionen samanlikna med i fjor.

Bunker Oil-eigaren spratt meir enn 60 plassar oppover frå 327. til 266. plass, etter at formuen har auka til 1,75 milliardar, ifølgje Kapital sine anslag.

Geir Egil Roksvåg som var på 211. plass i fjor, gjer også eit byks oppover lista til 169 plass på årets rangering. Nordfjord Kjøtt-eigaren auka formuen frå drygt 2 til 2,6 milliardar kroner i løpet av fjoråret.

Næringslivsmagasinet rangerer marknadsverdien av det personane eig, og presenterer denne mellom anna som eit korrektiv til tala i dei årlege skattelistene.

I familiar blir formuen plassert hos den Kapital meiner bestemmer - uavhengig av det formelle eigarskapet.

Aker-eigar Kjell Inge Røkke, som er den rikaste frå Nordvestlandet, fell frå 7. til 8. plass på årets liste. Den Sveits-busette romsdalingen er oppført med verdiar for 35,50 milliardar, tre milliardar mindre enn året før.

Bjørn Rune Gjelsten held stand på 12. plass, som i fjor, med ei formue på 18. milliardar.

Lars Wenaas har klatra frå fjorårets 18. plass, og er oppe i ryggen på Gjelsten på 13. plass med ei formue på 17,5 milliardar.

Olav Nils Sunde har også klatra seks plassar sidan i fjor, og er rangert på ein 27. plass med 12 milliardar i formue.

Podium

E27/S2 Går det betre i næringslivet på Sunnmøre enn elles i landet?

Formuen til Sævik-familien er omtrent uendra frå i fjor på 5,6 milliardar. Likevel fell familieoverhovud Per Sævik til ein 72. plass frå 68. plass i fjor.

Tidlegare medeigar av Stokke-konsernet, Rune Stokke, klatrar frå 118. til 108. plass etter at Kapital anslår ei auke i formuen med éin milliard til 4,45 milliardar kroner.

Offshorereiar Stig Remøy er oppført med ei auke formue som har auke med kring 450 millionar sidan i fjor, 4,35 milliardar. Han fell likevel nokre få plassar frå 103. til 109. plass.

Reiarbroren Aage Remøy er ny på lista frå regionen. Han kjem inn på ein 305. plass i årets rangering med ei formue på 1,5 milliardar.

Rostein-eigar Odd Einar Sandøy går frå 103. til 125. plass etter at formuen har skrumpa frå 3,9 til 3,7 milliardar kroner.

Roger Halsebakk si formue er også redusert med kring 100 millionar til 2,35 milliardar. Sølvtrans-eigaren hamnar dermed på 193. plass i år, 20 plassar under fjoråret.

Knut Flakk fell over ti plassar frå 131. til 144. plass, sjølv om formuen er den same som i fjor – 3,2 milliardar kroner.

Brødrene Sunde-medeigar Karl Johan Sunde er rangert på 182. plass, tre plassar ned frå i fjor. Han er oppført med ei formue på 2,5 milliardar - litt opp frå i 2023.

Anders Pedersen kjem i år på 223. plass på lista, 30 plassar under fjoråret med 2 milliardar i formue.

Nils Wenaas er oppført på 257. plass (240. plass i fjor) med ei formue på 1,8 milliardar – som er same verdi som i fjor.

Gunnar Haagensen var nykommar på lista i 2023, på ein 251. plass. På årets liste har ålesundaren rast nedover og er nede på 335. plass. Formuen er redusert med kring 300 millionar til 1,4 milliardar, anslår Kapital.

Broren Leif Haagensen, som hamna på 310. plass i fjor, er ute av årets rangering.

Gruveinvestor Sturla Steinsvik har auke formuen med ein kvart milliard til 1,9 milliardar kroner. Det gir han ein 236. plass i år – 28 plassar over fjorårets plassering.

Norsk Sjømat-medeigar Bjarte Tunold har klatra frå fjorårets 290. plass, og kjem inn på 248 plass i år. Han har ei anslått formue på 1,85 milliardar kroner.

Partnaren Per Magne Grøndahl kjem også høgare enn fjorårets 365. plass. Etter å ha auka formuen med kring 200 millionar til 1,4 milliardar, kjem han i år på 335. plass.

Ottar Vartdal si formue er redusert marginalt, men ørstingen fell likevel frå 295. til 327. plass med ei formue på 1,45 milliardar kroner.

Hans Joakim Giørtz hamnar på 335. plass i år, sju plassar under fjoråret, med ei formue på 1,4 milliardar.

Har vi oversett nokon? Tips Nett No-redaksjonen (send e-post til redaksjon@nett.no)

Publisert: 19.09.2024 09:44

Sist oppdatert: 19.09.2024 14:18

Mer om