Kort fortalt

Færre fekk læreplass i 2020

Pandemien er mogleg forklaring.

26.01.2021
NPK-NTB: 460 færre yrkesfagelevar fekk læreplass i fjor. Pandemien blir trekt fram som ei mogleg forklaring.
Av dei 28.800 elevane som søkte om å få læreplass i fjor, var det 76 prosent som fekk det, viser statistikk frå .
Det er ein lågare del enn året før, då 78 prosent fekk plass.
– Koronautbrotet i 2020 kan ha gjort det vanskelegare å få læreplass. Mange bedrifter og verksemder har hatt utfordringar som følgje av koronasituasjonen, som har ført til at mange lærlingar/lærekandidatar har vore permitterte, skriv direktoratet.
Kunnskapsdepartementet skriv i ei pressemelding at dei har sett i gang ei rekkje tiltak for lærlingane under koronapandemien.
– Det er veldig bra å registrere at dei tiltaka har fått betydning. Utan desse tiltaka hadde det truleg vore endå fleire som hadde vorte permittert, og færre søkjarar hadde fått læreplass, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Sjølv om det var ein nedgang i alle utdanningsprogram, er den ikkje overraskande størst i restaurant- og matfag, skriv departementet.
I Rogaland og Troms og Finnmark fekk over 81 prosent av søkjarane ein lærekontrakt, medan 69 prosent fekk lærekontrakt i Agder.
Samanlikna med 2019 har delen søkjarar som har fått læreplass, gått ned i ni av elleve fylke. Berre Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark har hatt ein auke.

Publisert: 26.01.2021 15:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23