NPK-NTB: I alt 9,5 prosent av innvandrarane her i landet var heilt arbeidsledige i tredje kvartal. Det er ein auke på 4 prosentpoeng frå tredje kvartal i fjor.
I befolkninga elles gjekk arbeidsløysa opp frå 1,7 til 3,2 prosent, viser nye tal frå (SSB).
I tredje kvartal var det 122.224 personar registrerte som heilt arbeidsledige. Av desse var 46.895 innvandrarar. Det vil seie at innvandrarar utgjorde 38,4 prosent av dei registrerte ledige.
Afrikanske innvandrarar hadde høgaste arbeidsløyse, på 14,3 prosent. Deretter følgjer innvandrarar frå Asia og EU-land i aust med høvesvis 10,7 og 10 prosent ledige.
Arbeidsløyseauken må i stor grad tilskrivast koronakrisa som har ramma arbeidslivet i form av permisjonar og færre ledige stillingar.
Oslo og Viken var fylka med høgast registrert arbeidsløyse blant innvandrarar i august månad, med høvesvis 10,4 og 10 prosent. Dei to nordlegaste fylka, Troms og Finnmark og Nordland, hadde lågast registrert arbeidsløyse blant innvandrarar. Begge fylke låg litt i overkant av 7 prosent.

Publisert: 11.11.2020 13:26
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:23