Kort fortalt

Færre koronadødsfall

Betre medisin og behandling bergar fleire.

02.02.2021
NPK-NTB-AFP: Meir effektive medikament og betre behandling har redusert dødsraten blant koronapasientar på intensivavdelingar med over ein tredel, viser studie.
Storskala metaanalysar av døying blant covid-19-pasientar på intensivavdelingar verda rundt viser ein nedgang på 36 prosent fram til oktober, viser studien som vart publisert i tidsskriftet Anaesthesia tysdag.
Ein tidlegare analyse frå dei same forskarane viste at døyelegheitraten fall frå 60 prosent i mars til 42 prosent ved utgangen av mai.
– Etter at vår første metaanalyse i fjor viste eit stort fall i døyelegheita frå mars til mai, viser denne oppdaterte analysen at vidare nedgang frå juni til oktober ser ut til å ha flata ut eller lagt seg på eit jamt nivå, skriv forfattarane.

Publisert: 02.02.2021 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23