NPK-NTB: I dei åtte første månadene i år vart det meldt 4,7 prosent færre lovbrot enn i same periode i fjor, viser nye tal frå politiet.
Per andre tertial 2020 (januar-august) var det meldt 4,7 prosent færre lovbrot enn i same periode i fjor, viser tal frå Strasak-rapporten frå .
Går vi tilbake til 2016 er nedgangen på 12,4 prosent.
Nedgangen kjem særleg av reduksjon i talet på registrerte vinnings-, narkotika- og økonomilovbrot.
– Vi ser at restriksjonar og tiltak som vart sett i verk som følgje av koronaepidemien, har ført til mindre aktivitet i det offentlege rommet, og at dette har gitt utslag i færre registrerte saker, kommenterer politidirektør Benedicte Bjørnland.

Publisert: 02.11.2020 15:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24