Kort fortalt

Første fiskeriavtale etter Brexit

EU og Noreg med avtale om fiske i Skagerrak.

07.01.2021
NPK-NTB: EU og Noreg inngjekk torsdag ein mellombels avtale om gjensidig tilgjenge til å fiske i farvatna til kvarandre i Skagerrak.
Den avgrensa og mellombelse avtalen med EU gjeld gjensidig tilgjenge til å fiske i sonene i Skagerrak i januar 2021, i påvente av fullstendige avtalar mellom Noreg og EU.
Tilgjenget gjeld fartøy som tradisjonelt fiskar i Skagerrak på denne tida av året.
– Eg er glad for at vi har fått på plass ei mellombels løysing. Tilgjenget til å fiske i norsk sone i Skagerrak er viktig for danske og svenske fiskarar. Sjølv om dette gjeld eit fåtal fartøy, kan det betre situasjonen for naboane våre, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Publisert: 07.01.2021 08:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23