(NPK-NTB): Etter sju månader med underskot snudde den norske handelsbalansen for varer i oktober og enda med eit overskot på 2,7 milliardar kroner.
I oktober vart det eksportert varer for 70,6 milliardar kroner, medan importverdien utgjorde 67,9 milliardar, viser tal frå .
Auken i eksportverdien var på 17 prosent frå september til oktober. Det er først og fremst høgare eksportvolum av råolje, vekst i naturgassprisane og sesongoppgang for fiskeeksporten som bidrog til auken.
I oktober vart det eksportert 51 millionar fat råolje, noko som er heile 38,1 prosent meir enn i same månad i fjor.
Oljeprisen har likevel falle frå 547 kroner fatet i oktober i fjor til 395 kroner i oktober i år. Råoljeeksporten enda dermed på 20,3 milliardar kroner i – berre 0,1 prosent mindre enn for eitt år sidan.
(©NPK)

Publisert: 16.11.2020 13:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24