NPK: Har du gamle 100- og 200-kronersetlar liggjande, er det lurt å veksle dei inn eller bruke dei opp. Etter mai er det berre dei nye setlane som gjeld.
Etter mai månad kan det bli vanskeleg å få betale med Kirsten Flagstad eller Kristian Birkeland på setelen. Dei gamle 100-kroner- og 200-kronersetlane er nemleg ugyldige som betalingsmiddel etter 31. mai.
– Inntrykket vårt er at ein del bankar og butikkar vurderer å vere fleksible i samband med setelbytet, men det tryggaste er å bruke opp dei gamle 100- og 200-kronesetlane, eller setje dei inn på konto innan fristen, seier direktør for kontante betalingsmiddel i Noregs Bank Leif Veggum til .
Dei nye setlane blei teke i bruk i mai i fjor. Til hausten er det venta at dei nye 50-kronersetlane kjem på marknaden, skriv Noregs Bank på nettsida si.

Publisert: 22.03.2018 10:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39