NPK-NTB: Kvart år døyr nesten 3.000 niser i garn saman med annan fangst. Frå nyttår blir eit nytt lydverktøy teke i bruk for å hindre bifangsten.
I ei ny hasteforskrift innfører fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) eit krav om at alle som fiskar med garn, må bruke akustiske sendarar, skriv .
Akustiske pingar lagar ein lyd verken menneske eller fiskar kan høyre, men som skremmer nisene bort – og sørgjer for at dei ikkje blir fanga og kvelt i garnet.
Kvart år blir rundt 2.900 niser bifangst i garnfiske langs kysten, ifølgje Havforskingsinstituttet.
– Niser som blir fanga i garn, er eit dyrevelferdsproblem fordi dyra blir kvelt når dei set seg fast i garna. Det er jo eit veldig fint dyr det er snakk om, som mange har eit nært forhold til, så dette ønskjer vi ikkje skal halde fram, seier Ingebrigtsen.
Internasjonale forsøk med pingar viser ein reduksjon av bifangst av nise på mellom 70 og 90 prosent.
Det er fiskarane sjølv som må dekkje kostnadene med å feste akustiske sendarar på garna, noko Noregs Fiskarlag anslår til 11.000 til 14.000 kroner for fiskarane.

Publisert: 04.12.2020 18:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24