Kort fortalt

Geiranger-støtte

Får pengar til Fossestien.

26.03.2018
14 turmål rundt om i landet, frå Senja i nord til Lysefjorden i sør, får no støtte frå tilskotsordninga Nasjonale turiststiar til å utbetre forholda for turistane. Miljødirektoratet har fordelt løyvingane på 10, 5 millionar kroner i år.
På Nordvestlandet får ein midlar til etablering av Fossestien i Geiranger, samt til midlar til sti til Romsdalseggen i Rauma.
Prosjekta er knytt til turiststiar med svært mange besøkjande, der ein stor del er internasjonale gjester. Ein betydeleg del av midlane går til tilrettelegging og restaurering av turstiar. Nokre av prosjekta skal bidra til å løyse akutte behov, som etablering av toalett ved startpunkta.
Fleire turmål får støtte til å arbeide med besøksforvaltning. Det inneber å leggje til rette for berekraftig bruk av eit område, slik at ein skaper gode opplevingar for dei besøkjande, bidrar til lokal verdiskaping og varetar naturverdiane. Det er også løyvd midlar til ulike informasjonstiltak.
Årets tildeling skal bidra til at fleire turmål kjem i gang med heilskapleg og langsiktig planlegging av turiststiane.
I tillegg til Rauma og geiranger får desse støtte i 2018: Segla på Senja, Engabreen i Meløy, Reinebringen i Moskenes, Dronningruta i Øksnes, utveljing av sti i Lofoten, Oppstemten i Bergen, Trolltunga i Odda, sti og parkering ved Kjerag, Preikestolen i Forsand, Besseggen i Vågå, og Skogshornstien i Hemsedal.

Publisert: 26.03.2018 11:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39