NPK: Hvaler og Flakstad er dei grønaste kommunane i landet i ny måling, men med Solund hakk i hel.
På Nordvestlandet kjem Giske best ut, med ein tjueførste plass.
Stryn er nest best i nordvest, men heilt nede på 54. plass i landet.
Det er Miljøorganisasjonen Sabima som har rangert alle kommunar etter kor godt dei tar vare på naturen sin. Der kjem Hvaler sør i Østfold aller best ut. Konkurransen vert kalla
For å komme heilt i toppsjiktet på denne lista, har strategien i Hvaler vore enkel:
– Det er systematisk arbeid over mange år, og eit sterkt fokus på at vi ønskjer å ta vare på naturverdiane vi har, forklarer ordførar Mona Vauger (Ap) til .
Den grøne suksessen handlar også om å seie nei til mykje, ifølgje ordføraren.
– Balansen mellom vekst og vern er uhyre vanskeleg. Når vi seier nei til noko her på Hvaler, så betyr det ja til fantastiske naturopplevingar og stort naturmangfald. Det er vår investering i framtida å ta vare på den fantastiske naturen vi har her, seier Vauger.
I Naturkampen er det mogleg å få 100 poeng totalt. Kommunane har fått poeng etter kor godt dei har verna og satsa på naturen.
Hvaler 66,97
Flakstad 66,94
Solund 64,3
Beiarn 58,33
Nesodden 56,34
Heilt på botnen av lista, ligg Evenes med berre 0,33 poeng.
– Dette kjem rett og slett av manglande rapportering, forklarer leiar for plan og utvikling i Evenes kommune, Stein-Even Fjellaksel. Han meiner Evenes tar godt vare på naturen. Og trur dei kjem ut midt på treet dersom dei faktisk skulle ha rapportert inn tala.
Det var Kommunal Rapport som først omtalte rangeringa.
Generalsekretær Christian Steel i Sabima seier til at dei manglar god, offentleg statistikk.
– Hadde ikkje kommunane visst kor mange gamle dei hadde, eller kor mange barn som skulle begynt på skulen, ville det vore uforsvarleg. Men kommunane manglar måleverktøy for natur, seier Steel til avisa.

Publisert: 04.11.2020 10:55
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:57