Kort fortalt

Gjekk med skada snøggbåt

Gjekk 23 turar med sprekk i baugen.

05.02.2021
NPK;
Snøggbåten «Jernøy» krasja i juli 2019, og fartøyet gjekk 23 turar med sprekk i baugen før skaden vart reparert.
melder at i rapporten til Sjøfartsdirektoratet vart både krasjen og skaden halde hemmeleg.
Det er det kinesiskeigde reiarlaget Boreal Sjø som opererer snøggbåten. 16. desember i fjor fekk reiarlaget siglingsnekt langs norskekysten på grunn av alvorlege brot på tryggingsrutinar. Siglingsnekten vart oppheva etter nokre timar.
Det var medan «Jernøy» skulle byte plass langs kaia i Bodø at uhellet skjedde 31. juli 2019. To motorar fekk blackout og snøggbåten køyrde inn i ein større jernbåt.
Nationen har snakka med kapteinen, overstyrmannen og maskinsjefen på vakt denne dagen, og alle stadfestar at båten krasja. Men Sjøfartsdirektoratet fekk ikkje vite om det.
1. august sende Boreal ein e-post til direktoratet, der det blir fortalt om motorproblema, men ikkje om krasjen.
Selskapet gjorde den gongen det klart at dei ikkje såg på det som skjedde som ei ulukke eller nestenulukke, som er rapporteringspliktig. Seinare har selskapet sagt at dei har lært av tidlegare feil.
Skaden blir skildra som ein horisontal sprekk på cirka 25 centimeter i breidda, og to centimeter på det meste i høgda.

Publisert: 05.02.2021 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23