NPK: I dag går 60 prosent av proteina som oppdrettsfisken et, ut igjen. – Det kan vi bruke om att, meiner forskar.
Forskarar ved Havforskingsinstituttet ser på om oppdrettsslammet, altså fiskemøkka, kan fungere som mat til artar som tang og tare, blåskjel, børstemark, kråkebollar og sjøpølser. Det beste er viss dei produkta kan bli til menneskemat, eller til fôr.
Viss forskarane klarer å bruke om att proteina og næringsstoffa i fiskeslammet, kan oppdrettsbransjen importere færre råvarer.
– Det vil gi eit lågare klimaavtrykk. I dag kjem 83 prosent av klimaavtrykket til næringa frå fôret, seier forskingssjef Erik-Jan Lock ved på nettsidene til instituttet.
No er ein viktig jobb å talfeste kor mykje mindre fôrråvarer næringa treng viss det blir mogleg å gjenbruke slammet. I tillegg må forskarane risikovurdere denne sirkuleringa.
– Når vi sirkulerer næringsstoff, sirkulerer vi også framandstoff. Så derfor må vi finne ut meir om dette, seier Lock.

Publisert: 03.03.2020 19:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30