NPK: Sildefisket er i gang for fullt ved noregskysten. Fram til no i år er det fiska nesten 100.000 tonn sild.
– Det er positivt, og vi håpar å kunne få tilsvarande kvantum resten av vintersesongen, seier salsleiar i Noregs Sildesalgslag Kenneth Garvik, til .
Han fortel at det er stor aktivitet i området nord av Andenes. Måndag hadde dei innmeldingar på rundt 10.000 tonn, noko som er det meste som er fiska på ein dag i vinter.
Fiskarane har hatt god tilgang på sild sørvest frå Tromsøflaket, med førekomstar av den yngre sildeklassen, altså årsklassene 2013 og 2016.
– Av dei vel 100.000 tonn vi har tatt imot, har størstedelen av kvantumet komme frå dette området, seier Garvik. Han kan òg melde at uveret Frank, som herja store delar av kysten førre veke, ikkje har hatt store utslag på leveringane av sild.
Den norske vårgytande silda ( ) har hovudgyting utanfor Møre i februar – mars, men gyter òg langs kysten av Nordland og Vesterålen. Den vandrar under oppveksten heilt til Barentshavet.

Publisert: 27.01.2021 17:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23