Kort fortalt

- Gratis båtruter vil koste småpengar

Gratis båtruter til øysamfunn vil koste 110 millionar kroner.

NPK
16.03.2022

Det vil koste 110 millionar kroner å innføre gratis båtruter til øysamfunn utan fastlandssamband.

Det opplyser samferdselsminister Jon-Ivar Nygård i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp).

– Dette er småpengar, så eg tar for gitt at regjeringa òg inkluderer båtar i satsinga på å gjere ferjer gratis, seier Njåstad til Nynorsk pressekontor.

Regjeringa har i regjeringsplattforma lova at det skal bli gratis å reise med ferje til små øyar og samfunn utan vegsamband til fastlandet. Det same skal gjelde ferjesamband med under 100.000 passasjerar årleg, men båtruter til veglause samfunn vil ikkje vere ein del av denne satsinga.

Samferdselsministeren har rekna på kostnaden ved å gjere i alt 58 båtruter til øyar utan veg og andre veglause samfunn gratis. Til saman har desse rutene 2,2 millionar passasjerar i året.

Ministeren presiserer at han har rekna på heile båtruta. Kostnaden vil vere lågare om ein må betale for reiser der ein ikkje skal til/frå eit veglaust samfunn, men reiser på ein annan strekning på den same ruta. Men korleis dette eventuelt skal fungere i praksis, er uklar, skriv han.

Publisert: 16.03.2022 12:51

Sist oppdatert: 16.03.2022 12:52