Økonomiprofessoren Ola H. Grytten ved Norges Handelshøyskole (NHH) er mellom dei som vil vitne i søksmålet om formuesskatten mot staten, skriv Møre-Nytt.
Det same vil professor emeritus Ole Gjems-Onstad ved Handelshøyskolen BI og Glenn A. Hole som er førsteamanuensis i entreprenørskap, økonomi og leiing ved Universitetet i Sørøst-Norge.
Lars Oscar Øvstegård har saksøkt staten for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital. Med seg på søksmålet har Øvstegård også Brunstad-eigar Olaug Strand Brunstad og Spilka-eigarane, Bjørn Stafset og Laila Kristin Stafset.
Regjeringsadvokatane svara førre veke på søksmålvarselet – og meiner saka ikkje bør avvisast. Saksøkarane reknar med at spørsmålet om saka i det heile kjem for retten, vil gå heile vegen til Høgsterett.
Grytten som sjølv er sunnmøring stiller opp fordi han meiner den «blodig urettferdige straffeskatten» hindrar verdiskaping, ifølgje avisa.
– I desse dagar går det føre seg eit voldsomt slag i Noreg. Og det er et slag om vi skal få lov å ha eit næringsliv som er norskeid, som kan skape verdiar, som kan skape arbeidsplassar, som kan skape velferd, som kan gi gode og milde gåver i lokalmiljøet, der ein høyrer heime, seier Ola H. Grytten i ein video Øvstegård har lagt ut på Linkedin.
Publisert: 07.07.2025 10:09
Sist oppdatert: 07.07.2025 10:11






